Ergoterapeutene Vest inviterer sine tillitsvalgte til Tariffpolitisk konferanse.
Det vil bli fokusert på medlemsundersøkinga og drøftingsnotatet som vil legge grunnlag for forhandlingane til våren. Hege Munthe frå Forbundskontoret vil legge det fram.
Det vil bli satt av tid til dialogkafé for å få innspel til lønsforhandlingane. Det vil også bli fokus på tillitsvaltrolla med fagleg påfyll.
Årsmøte blir gjennomført torsdagen.
Program kjem!
Tillitsvalte og medlemmar av valgkomitèen får reise og opphald dekka. Overnatting dekkast kun frå 29.-30.januar 2026. Reisa skal skje på billegast mogleg måte. Det er ynskjeleg at ein nyttar kollektiv transport. Ved behov for bil eller fly som transportmiddel skal det sendast mail til vest@ergoterapeutene.org. Samkøyring skal vurderast.
Avmeldingsreglar:
Påmelding til kurset er bindande, men om du likevel ikkje kan delta, må du melde deg av før avmeldingsfristen. Avmelding seinare enn denne dato krev at du framvise legeerklæring. Om ikkje, må du dekke hotell og reise.